1. juli - sprint i Sogndal sentrum

I Sogndal sentrum ventar eit morosamt og utfordrande sprintterreng. Det vekslar mellom urbant sentrum, skulecampus og sjarmerande fjordnær busetnad, ispedd mindre park- og skogsområde.

Gatebiletet er variert og med ein del høgdeskilnad, og løypene har både utfordrande vegval og teknisk finorientering. Løpsunderlaget er i hovudsak asfalt, med innslag av grus, grasplen og små område med skogsbotn.

Løypeleggar: Oskar Røen

2. juli - langdistanse ved Sogndal skisenter

Høgfjellsterreng opp mot 1 000 moh. prega av store opne parti med god sikt og svært godøpbarheit, spesielt i myr. Enkelte
område med låg vegetasjon. Terrenget har lite stiar. I liene (i hovudsak under 800 moh.) er det bjørk-, furu- og granskog
med mindre sikt enn i fjellterrenget, og dermed meir krevjande orientering. Dei lengste løypene har middels til sterk
kupering, medan dei kortare løypene held seg i lågare delar av terrenget.

Løypeleggar: Christian Frøyd

4. juli - langdistanse ved Sogndal skisenter

Eit skiftande løpsterreng som for dei lengste løypene spenner frå skråli med stor bjørke- og furuskog, myr og skiløyper,
til ope lettsprunge fjellterreng med faste myrer, bergryggar og vid utsikt.

Løypeleggar: Eirik Langedal Breivik

5. juli - mellomdistanse ved Sogndal skisenter

Spennande og teknisk utfordrande terreng i bjørk- og furuskog frå arena og opp til tregrensa. Løpsområdet har stor variasjon i
detaljrikdom og vegetasjon, frå opne lettløpte myrer som innimellom blir skilt av tett skog med mykje detaljar, til område
med opnare storskog og diffuse myrer i detaljfattig skråli. Utanfor myrene er det stadvis noko steinete botn.

Løypeleggar: Eirik Langedal Breivik