Uansett korleis du ynskjer å bu under Fjord-O, finst eit tilbod som passar for deg. Noko av tilbodet finn du lengre nede på denne sida.
Dersom du tykkjer det er vanskeleg å vite kva du skal satse på, send oss gjerne ein e-post (fjord-o@sogndalidrettslag.no), så hjelper me med å finne det rette for deg.
Quality Hotel Sogndal i Sogndal sentrum
Quality Hotel Sogndal ligg midt i Sogdal sentrum, ved breidda av Sogndalselva. Hotellet er eit ideelt utgangspunkt for deg som deltek på Fjord-O. Hotellet har flotte rom, bar og fleire ulike restauranter.
Hotellet gir reduserte prisar på hotellrom i samband med Fjord-O. Booking til reduserte prisar skjer via denne lenka.
Ynskjer du meir informasjon om hotellet, sjå qualityhotelsogndal.no
Stedje camping i Sogndal sentrum
Foto: Håvard Nesbø
Fjord-O samarbeider med Stedje camping i Sogndal sentrum.
Campingen opererer vanlegvis med drop in, men for Fjord-O er det mogeleg å reservere plass frå onsdag 1. juli til søndag 5. juli på førehand.
Kr 2200,- for plass med straum, samla for alle dagane.
(Betalast ved ankomst).
Send e-post til fjordocamp@gmail.com for å booke plass. Når du bestiller må du oppgi omtrentleg storleik på campingvogn/bobil, eller om du vil bu i telt.
Bubilparkering i Sogndal skisenter
Foto: Håvard Nesbø
Fjord-O samarbeidar med Sogndal skisenter om bubilparkering
like ved arenaen (1 km) for mellom- og langdistanseløpa.
Rimeleg alternativ - 280 kr/døgn
(Betaling med EasyPark-appen når ein kjem)Toalettfasilitetar
Straumtilkopling
(Kan bli restriksjonar ved mange bookingar)Bostømming og tømming av toalett i WC
(Ikkje tømming av faste toalett-tankar)
Send e-post til fjord-o@sogndalidrettslag.no for å reservere plass på bubilparkeringa på førehand.

